Tillvarons Ornamentik 

SOFT galleri 1 Mars - 8 April
www.softgalleri.no
 

I flera utställningar har Petter Hellsing följt den globala stadens växlingar i mellan kaos och ordning. Med utställningar i Kina har han kunnat följa kraften i den snabba stadsomvandlingen där förändringar i det sociala och fysiska landskapet får gränsen mellan det lokala och globala at suddas ut. I en stad av betong och stål har de textila materialen en helt egen plats. De blir en utmaning mot den beständiga arkitekturen, där de som tillfälliga konstruktioner skapar flexibla platser i stadsrummet i gränsen mellan det offentliga och det privata.

I utställningen på SOFT galleri går Petter Hellsing vidare och närmar sig tillvarons ornamentik genom handens improvisation.Handen läser föränderlighetens mönster och berättelsen uppstår i rummet, i nuet och den sociala dialogen. Med enkla vävar, textila collage, keramik, video och trä, byggs utställningen på plats under tio intensiva dagar. Rytmen i vävens bindningar och linjer går igen i träverkets arkitektoniska konstruktioner, människans mått, kropp och händer speglas i hantverks processen. Det är en handling där berättelsen förmedlas genom sinnenas erfarenhet, där tanken fortsätter genom handen och handen genom hantverkets verktyg förlänger kroppen ut mot världen.

 
 
 

Striper mot kaos

Striper er eit gjennomgåande motiv i Petter Hellsings installasjon "Tilvarons ornamentik". Ikkje berre er dei vevde tekstilane hans rike på striper, men dei oppstår også som ei logisk følgje av korleis trekonstruksjonane er bygde. Stripene er både struktur og dekorasjon i denne totalinstallasjonen, men dei står også for mykje meir.  Striper, enten dei er breie eller smale, tjukke eller tynne som ein strek, er eit kulturelt merke, eit teikn for noko som er skapt og konstruert. Og dei kan ha mange funksjonar. I ei kaotisk verd brukar vi striper til å skapa visuell og konkret orden. Med striper markerer vi grenser og deler inn. Ikkje minst i det kaoset av inntrykk som ein storby byr på, kjem det godt med at vi ser ut til å ha ein innebygd sans for å sortera og ordna inntrykka våre etter bestemte mønster. Bygningskroppane i eit bylandskap lar seg difor oppleva som eit mønster bygd på gjentaking og variasjonar i rytmiske intervall. Ordvalet er bevisst. Ornament har mykje felles med musikk, og som ein rytmisk kunstart vender det seg først og fremst til kropp og kjensler.

Ei kvar stripe er ein rytme, ein slags visuell musikk som strekkjer seg ut i tid og skapar rørsle: Kvar begynner ho og kvar sluttar ho? Kva er under og kva er over? Striper drar blikket til seg og skapar visuell spenning. Ikkje rart at mange målarar er opptatt av kva dei kan gjera med striper. Petter Hellsing sine stripe-vevnader inngår i ein dialog med denne måleritradisjonen, men samstundes er dei også djupt forankra i folkelege vevtradisjonar i store delar av verda. Å veva har stort sett vore identisk med å laga stripemønster. Gjennom heile sitt kunstnarskap har Petter Hellsing vore opptatt av å utfordra samtidskunsten i deira forståing av kva som er relevante medium og teknikkar, og ikkje minst kva som kunstnarlege sentra. Hans kunst peikar mot andre mogelege svar, ikkje minst gjennom å opna for det ornamentale som ein måte å sansa tilværet på.

Jorunn Veiteberg
kunsthistorikar

 

Bilder under arbete. Ateljen 2017